Jakob Sande “Til – “

Til –

Hjarte mitt er fylt av deg,
hugen min er trylt av deg,
i meg du er.
Trøytt under dagens bør,
sveipt under draumeslør:
du er meg nær.

Gøym meg i armen din,
stryk over hår og kinn,
seg du er mi!
Barndommens bleike vår,
hungrande ungdomsår
stilt går forbi.

Opn dine augo att!
Blå som ein månenatt
ser eg dei no.
Dogga av draum dei er,
sloknande stjerner der
stilt går til ro.

Sansevill brenner eg,
håret ditt kjenner eg
mjukt mot mitt kinn,
viljen din bøyer seg,
munnen din tøyer seg
tyrst i mot min.

Evige undermakt,
alt er deg underlagt,
dagen din renn.
Eld, du som nærer oss,
Eld, du som tærer oss,
brenn!

Frå Krossen og sleggja, Gyldendal 1939

(avskrift frå Dag og Tid)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s