Eg kobla meg opp mot labradoren med ei lærreim og gjekk ned trappa. Eg logga meg ut gjennom utgangsdøra og steig ut på gata. Det var stilt ute. Eg trakk i reima. «Kom no, Online», sa eg, og satte kursen mot parken.
Kona mi hadde straks gått for forslaget mitt om å ta hunden ut ein tur. Vi gjekk ikkje tur saman meir pr. idag. Kommunikasjonen mot kona var eigentleg inne i ein down-periode, hadde eg funne ut.
Bikkja kom med eit innspill: ho ville bort til eit tre. Eg ga henne aksept på det, og ho gjorde ein release mot trestamma.
Vi tusla vidare. Borte ved gate’n til parken sto ein mann og supporta seg på ein stokk. Han såg litt trøytt ut. Kanhende fekk ikkje han heller nok oppbacking heime?
Det var kaldt og eg følte for å avslutte sesjonen ute. Det var verkeleg mykje overhead med denne bikkja. Kanhende skulle eg avslutte leasingavtalen hennar, sjølv om det stod att eit år ? Nei, ho var jo så søt. Og no som kona…. Nei, best å ikkje kome inn i ein loop av tunge tankar.
Eg ruta meg heim att. Kona var ute då eg kom inn. Eg visste at ho hadde outsourca somme tenester som eg hadde vore supplier for tidlegare. Kanhende hadde den nye kortare turnaround tid, tenkte eg resignert.
Eg knytta meg opp mot ein site i USA og downloada ein cyberburgar. Eg tok meg ein byte.